Historie til å ta og snuse på
( 29.03.2010 11:14 )
Museumspedagogen lar dei gjette ei stund. Guteøyra står på stilk når ho avslørar det forsvunne ordet: ”kalosje”, og skildrar korleis folk før i tida trekte kalosjane utapå finskoa for å bu seg på snøslaps og surt Hammerfest-regnvêr.
– Først og fremst over alle reformene. Det gjekk på pedagogikken laus. Eg følte at eg skyvde elevane til sides. Etter kvart kjendest det som om eg aldri fekk gjort meg ferdig med det eg heldt på med. Dersom elevane ville snakke med meg, var det alltid eit møte eg måtte gå på. Vi skulle halde greie på tusen ting samstundes i ei uføreseieleg arbeidsdag, der vi måtte ta ei heil rekke vanskelege situasjonar på strak arm. Det var også lite tid til å samarbeid om korleis vi skulle gripe an konkrete situasjonar, som til dømes at vi fekk inn ferske innvandrarar utan innføringskurs eller nokon form for tilvenjing til norsk skule.
– Lærarane jubla då dei såg programmet. Dei kunne få elevane ut frå klasserommet og lære! Eg ser at lærarane likar å få vere lyttar saman med elevane, på ein annan arena, hos ein som hadde hatt tid til å finpusse programmet og som kunne nytte mange konkrete døme. Her kan dei lesesterke og dei lesesvake stå likt, og dei fleste kan få delta i opplegget på eit eller anna vis. Når vi møter Andreassen i museet, har ho nettopp kome tilbake frå ein to timars forblåst tur i kulturminneløypa saman med ei gruppe frå 8. trinnet.
– For å nå fram, er det heilt avgjerande at eg som formidlar er engasjert sjølv. Ein må ikkje ha eit så rigid program at det ikkje er rom for dialog. Eg må trekke det dei veit noko om i retning av det eg vil fortelje dei. Dei skal ikkje kjenne seg flaue fordi dei har svara ”feil”! Og eg må heile tida kjenne på om eg klarer å halde på interessa til elevane – då må eg ikkje dra det for langt ut.
– Kva er spennande for deg, til dømes når du viser elevar noko for n’te gong?
– Det er spennande å få elevane til å lure på kva noko er, eller kvifor noko er her. Og det er jo aldri dei same elevane. Dessutan må eg heile tida oppdatere meg. Eg får ny kunnskap frå elevar og lærarar, frå lokalbefolkninga, eller i utvekslinga med forskarane her på museet.
– Eg berre må pirke litt i nysgjerrigheita til ungdomsskuleelevane! Eg trur den ligg der ein plass inni dei, under skalet som seier ”æ e kul og tøff ” eller ”ingen skal se at æ e nysgjerrig!”, seier Andreassen. Ho veit korleis ho skal ”knekke” tøffe og gutar når dei kjem til båthuset frå Melkøya: Der ligg òg ein av dei siste gjenreisingsbrakkene som står slik ho blei bygd i 1948. Ein gamal kvalfangsskute, gamle robåtar, 30 ulike typar fiskegarn, og ein vatnkikkert som gjer at ein kan sjå flyndra når ho ligg på botnen, er noko av det ho brukar som brekkjern:
– ”Ka e det?”, spør eg. Når ein elev veit svaret, seier eg: ”Kossen veit du det?” Då blir dei stolt av å vise korleis dei har fått greie på det!
– Begge partar må sjå nytten av det dei andre gjer. Klart at forskarane må forske og skrive bøker. Men det dei finn ut må formidlast. Vi må bli samde om essensen, og endre språket frå forskingsspråk til formidlingsspråk for å nå ut til publikum. Til dømes då arkeologar fann gjenstandar på Kvaløya i sommar, så kunne vi vise dei fram her. Eg måtte sjølvsagt forklare det i eit enklare språk, men det har eg berre fått positive tilbakemeldingar på frå forskarane, seier Andreassen, som på Nordnorsk museumsseminar i Tromsø i november, hald foredrag om, nettopp ”Formidlingsmetoden, museet og dialogen med publikum”.

Artikkelen er hentet fra papirutgaven av Museumsnytt (nr. 1/2010). Ta kontakt med redaksjonen dersom du ønsker å abonnere (kun 200 kr. per år)
”Veit dokker at ord forsvinn?” Museumspedagog Turid L. Andreassen har fanga gutane sin interesse: Ho tar fram ein gjenstand som gutane aldri har sett før. ”Ein sko”, seier dei. ”Nesten”, seier ho, ”men ikkje heilt”.
Før ho gir dei svaret, får dei kjenne på ”skoen”. Dei knip, snusar, snur og vender. Her er noko som ikkje stemmer: ”Skoen” er av tynn gummi – tynnare enn ein sjøstøvel. Ein meiner han liknar på ein damesko.
Museumspedagogen lar dei gjette ei stund. Guteøyra står på stilk når ho avslørar det forsvunne ordet: ”kalosje”, og skildrar korleis folk før i tida trekte kalosjane utapå finskoa for å bu seg på snøslaps og surt Hammerfest-regnvêr.
Frustrert pedagog i skulen
I 28 år jobba Andreassen i barneskulen i Hammerfest, før ho på nyåret 2007 blei formidlar på Gjenreisningsmuseet for Finnmark og Nord-Troms. Ho var frustrert over utviklinga i skulen:– Først og fremst over alle reformene. Det gjekk på pedagogikken laus. Eg følte at eg skyvde elevane til sides. Etter kvart kjendest det som om eg aldri fekk gjort meg ferdig med det eg heldt på med. Dersom elevane ville snakke med meg, var det alltid eit møte eg måtte gå på. Vi skulle halde greie på tusen ting samstundes i ei uføreseieleg arbeidsdag, der vi måtte ta ei heil rekke vanskelege situasjonar på strak arm. Det var også lite tid til å samarbeid om korleis vi skulle gripe an konkrete situasjonar, som til dømes at vi fekk inn ferske innvandrarar utan innføringskurs eller nokon form for tilvenjing til norsk skule.
Finpussa program
Etter at Andreassen tok til i jobben som museumspedagog, utarbeidde ho årsprogram med tilbod til skulane, med tilråding om kva trinn aktivitetane passa for. Frå 2009-programmet saksar vi markering av sameflagget sin dag i februar, vitjing på Findus-fabrikken i april, historiske Fuglenesodden med gamle båtar og fiskeutstyr i mai, i september dagstur til ”Steinalderdagane i Alta” for 5. trinnet. I mars og oktober stod 2. verdskrigen på programmet for mellom- og ungdomstrinnet. I november var det foto- og kunstutstilling for heile grunnskulen.– Lærarane jubla då dei såg programmet. Dei kunne få elevane ut frå klasserommet og lære! Eg ser at lærarane likar å få vere lyttar saman med elevane, på ein annan arena, hos ein som hadde hatt tid til å finpusse programmet og som kunne nytte mange konkrete døme. Her kan dei lesesterke og dei lesesvake stå likt, og dei fleste kan få delta i opplegget på eit eller anna vis. Når vi møter Andreassen i museet, har ho nettopp kome tilbake frå ein to timars forblåst tur i kulturminneløypa saman med ei gruppe frå 8. trinnet.
Går seg inn i historia
I løypa er alt tema: Frå vegen dei går på til det dei ser langs sidene: Sikksakk-vegen blei bygd av ungdommar frå byen på slutten av 1890-talet. Dei ville gjere det lettare å kome seg fram til friluftsområdet som no blir kalla Parken. Elevane får høyre om strevsam vegbygging med handemakt og talje. Undervegs får dei lov å gyse litt ved tanke på heksebrenninga som gjekk føre seg her på 1600-talet og smake litt på historia bak Middagsstanga, det siste målemerket før Meridianstøtta inne i Hammerfest. På toppen av målemerket står ei kanonkule frå slaget ved Hammerfest i 1809, under Napoleonskrigen. Når dei blir vist spora etter ein nærare krig – det tyske fortet frå 2. verdskrigen – hentar fleire av elevane ut bitar frå eigen familiehistorie. Museumspedagogen grip fatt i det elevane veit frå før. Slik får ho hekta dei fleste på historia om kulturminneløypa. Då hender det at dei gløymer at dei slett ikkje er rett kledd for ein kjølig tur i mai eller oktober!Engasjert og fleksibel
Som museumspedagog synest Andreassen at ho får høve til å bruke den pedagogiske kunnskapen sin, og utnytte sin manglande redsle for elevane:– For å nå fram, er det heilt avgjerande at eg som formidlar er engasjert sjølv. Ein må ikkje ha eit så rigid program at det ikkje er rom for dialog. Eg må trekke det dei veit noko om i retning av det eg vil fortelje dei. Dei skal ikkje kjenne seg flaue fordi dei har svara ”feil”! Og eg må heile tida kjenne på om eg klarer å halde på interessa til elevane – då må eg ikkje dra det for langt ut.
– Kva er spennande for deg, til dømes når du viser elevar noko for n’te gong?
– Det er spennande å få elevane til å lure på kva noko er, eller kvifor noko er her. Og det er jo aldri dei same elevane. Dessutan må eg heile tida oppdatere meg. Eg får ny kunnskap frå elevar og lærarar, frå lokalbefolkninga, eller i utvekslinga med forskarane her på museet.
Pirkar i nysgjerrigheita
Noko av det som frustrerte henne i skulen, var kva som skjer med det nysgjerrige barnet når dei kjem på ungdomsskulen: Nysgjerrigheita såg ut til å tørke inn:– Eg berre må pirke litt i nysgjerrigheita til ungdomsskuleelevane! Eg trur den ligg der ein plass inni dei, under skalet som seier ”æ e kul og tøff ” eller ”ingen skal se at æ e nysgjerrig!”, seier Andreassen. Ho veit korleis ho skal ”knekke” tøffe og gutar når dei kjem til båthuset frå Melkøya: Der ligg òg ein av dei siste gjenreisingsbrakkene som står slik ho blei bygd i 1948. Ein gamal kvalfangsskute, gamle robåtar, 30 ulike typar fiskegarn, og ein vatnkikkert som gjer at ein kan sjå flyndra når ho ligg på botnen, er noko av det ho brukar som brekkjern:
– ”Ka e det?”, spør eg. Når ein elev veit svaret, seier eg: ”Kossen veit du det?” Då blir dei stolt av å vise korleis dei har fått greie på det!
Formidling versus forsking?
Andreassen meiner det kan vere grobotn for konflikt når forskarar og formidlarar skal jobbe saman.– Begge partar må sjå nytten av det dei andre gjer. Klart at forskarane må forske og skrive bøker. Men det dei finn ut må formidlast. Vi må bli samde om essensen, og endre språket frå forskingsspråk til formidlingsspråk for å nå ut til publikum. Til dømes då arkeologar fann gjenstandar på Kvaløya i sommar, så kunne vi vise dei fram her. Eg måtte sjølvsagt forklare det i eit enklare språk, men det har eg berre fått positive tilbakemeldingar på frå forskarane, seier Andreassen, som på Nordnorsk museumsseminar i Tromsø i november, hald foredrag om, nettopp ”Formidlingsmetoden, museet og dialogen med publikum”.
Artikkelen er hentet fra papirutgaven av Museumsnytt (nr. 1/2010). Ta kontakt med redaksjonen dersom du ønsker å abonnere (kun 200 kr. per år)
Sist oppdatert: 29.03.2010 11:14

