Glimt frå fyr - eit bildespel i kulturminneåret

Av Tone Anda, Sunnmøre Museum ( 14.01.2010 09:59 )

”Vor arbeidsstokk var fra 10 til 20 mand og vi færdedes mest på søndmørs-ottringer, ofte under store vanskeligheder og døiede meget ondt med fare for våre liv så mangen gang.”
- Fyrbyggjar Ole Gammelsen Mork, Dalsfjorden i Volda.

 

Fyrbyggjarar. Arkiv: Riksarkivet, arkivet etter Fyrdirektoratet.  Fyrbyggjarar. Arkiv: Riksarkivet, arkivet etter FyrdirektoratetHauggjegla fyrstasjon, Møre og Romsdal. Arkiv: Riksarkivet, arkivet etter FyrdirektoratetHauggjegla fyrstasjon, Møre og Romsdal. Arkiv: Riksarkivet, arkivet etter Fyrdirektoratet
Torbjørnskjær fyrstasjon, Østfold. Foto: Rune Nylund Larsen  Torbjørnskjær fyrstasjon, Østfold. Foto: Rune Nylund Larsen"Mange har vansker med å tro meg når jeg forteller at jeg er oppvokst på et undervannsskjær. Hvor underlig det hele var, gikk opp for meg først når jeg flyttet derifra." Fyrvaktardotter, Kjeungskjær fyrstasjon, Sør-Trøndelag. Foto: Rune Nylund Larsen"Mange har vansker med å tro meg når jeg forteller at jeg er oppvokst på et undervannsskjær. Hvor underlig det hele var, gikk opp for meg først når jeg flyttet derifra." Fyrvaktardotter, Kjeungskjær fyrstasjon, Sør-Trøndelag. Foto: Rune Nylund Larsen


Storm, bølgjer og havrokk. Menn i opne båtar legg frå land og ror. Dei skal til dei ytste skjæra på kysten. Dei skal byggje landet. Dei skal reise fyr.

Meir enn hundre år seinare har bildespelet ”Glimt frå fyr” av Randi Storaas premiere på Sunnmøre Museum. Her møter vi dei att på lerretet: dei som planla, bygde og dreiv fyrstasjonane på norskekysten.

No ligg fyrstasjonane einsame i leia, automatiserte og fråflytta. Livet på fyra er berre eit minne. Men med gamle og nye bilde, med rørsle, fargar, lys og lyd formidlar bildespelet både dei store linjene i fyrhistoria, og nære opplevingar i møte med enkeltmenneska på fyra, deira liv og arbeid. Slik blir forteljinga om fyrstasjonane både nær og spennande. Viktige kulturminne blir løfta fram i lyset, og tørre fakta får liv og farge.

”Glimt frå fyr” er ei av Sunnmøre Museum sine satsingar i kulturminneåret 2009. Det vart til med finansiering frå Kystverkmusea, som Sunnmøre Museum er eitt av.

Bildespelet har hittil vore vist i turistsesongen, med versjonering til dei viktigaste turistspråka. I haust-, vinter- og vårsesongen vil bildespelet m.a. visast i samanheng med ulike formidlingsopplegg for skular og andre grupper. Spelet var eitt av innslaga i det kulturhistoriske toktet med MS Oksøy langs norskekysten våren 2009 i regi av Kystverket, Kystverksmusea, Riksantikvaren, ABM-utvikling og Fiskeridirektoratet. Det vil inngå i formidlingstilbodet til dei fire Kystverksmusea på Lindesnes, Jæren, Sunnmøre og i Lofoten. 

Glimt frå fyr
Manus og regi: Randi Storaas
Musikk og lyddesign: Knut Halmrast
Faglege konsulentar: Kjell Viken, Ragnhild Roald

Fyrvaktardøtrene Valborg og Ingrid Bolsø og hunden deira Sonja på Kjeungskjær i slutten av 1930-åra. Ved flo står ringen rundt fyret ofte under vatn. Foto: Valborg Aakvik/Ragnhild Roald.  Fyrvaktardøtrene Valborg og Ingrid Bolsø og hunden deira Sonja på Kjeungskjær i slutten av 1930-åra. Ved flo står ringen rundt fyret ofte under vatn. Foto: Valborg Aakvik/Ragnhild RoaldOfte budde det fleire familiar på fyret, med piano, hund og guvernante. Ryvingen fyrstasjon, Vest-Agder. Arkiv: Vest-Agder fylkeskommuneOfte budde det fleire familiar på fyret, med piano, hund og guvernante. Ryvingen fyrstasjon, Vest-Agder. Arkiv: Vest-Agder fylkeskommune
"Å bu på eit fyr er som å vere på ein båt som ligg for anker." – Fyrvaktar på Svinøya fyrstasjon, Møre og Romsdal. Her: Stabben fyrstasjon, Sogn og Fjordane. Foto: Rune Nylund Larsen"Å bu på eit fyr er som å vere på ein båt som ligg for anker." – Fyrvaktar på Svinøya fyrstasjon, Møre og Romsdal. Her: Stabben fyrstasjon, Sogn og Fjordane. Foto: Rune Nylund LarsenNo er fyrvaktarane si tid forbi. Teknikken har teke over. Men fyra lyser framleis som vegvisarar i mørket. Ulla fyrstasjon, Møre og Romsdal. Foto: Rune Nylund Larsen

No er fyrvaktarane si tid forbi. Teknikken har teke over. Men fyra lyser framleis som vegvisarar i mørket. Ulla fyrstasjon, Møre og Romsdal. Foto: Rune Nylund Larsen



Artikkelen er hentet fra papirutgaven av Museumsnytt (nr. 5/2009). Ta kontakt med redaksjonen dersom du ønsker å abonnere (kun 200 kr. per år) 

Sist oppdatert: 14.01.2010 09:59

Kommentarer