Reiseklar, men ikkje framme
SVAR til kronikk av Linda Stewart:
Eg er samd i alt Linda skriv. Ho ynskjer tenester som tek brukaren varleg i handa, kjem med lågmælte, men velvalde tips om forteljingar, opplevingar og fordjuping...
Museumsnytt inviterte meg til å kommentera Linda Stewert sin artikkel om ”Nye nettsider modne for museum”. Det takkar eg for. Min første kommentar er denne: Eg er samd i alt Linda skriv. Ho ynskjer tenester som tek brukaren varleg i handa, kjem med lågmælte, men velvalde tips om forteljingar, opplevingar og fordjuping. Tenester som oppmodar brukaren om å dela og ta del. Slike tenester må byggjast steg for steg, og dei må framfor alt ha tilgang til rikt og variert innhald.
Mykje har skjedd dei siste par åra. Me har fått tenester som Digitalt fortalt, Arkivportalen, Digitalt Museum og Kulturminnesøk med meir. Universitetsmusea har gjeve publikum nettilgang til fotosamlingar, arkeologiske samlingar og myntsamlingar. Meir kjem. Me ser den same utviklinga i mange andre land. Først kjem samla tilgang til basar. I neste omgang vert desse kjernen i rikare formidlingstenester. Europeana - den felles europeiske abmportalen - opna i 2008/2009. Nye og forbetra utgåver kjem i 2010 og 2011. Norske arkiv og museum vil levera mykje innhald til Europeana, men det er fordi Digitalt fortalt, Digitalt Museum og Arkivportalen er på plass.
Reisa har byrja i rett ende. Digitalt fortalt, Arkivportalen og Digitalt Museum gir samla tilgang til digitale forteljingar, katalogar og innhald i norske arkiv og museum. I Digitalt fortalt kan kven som helst leggja inn si forteljing. No må alt dette knytast saman. Korleis knyta saman innhaldet i Digitalt fortalt, Digitalt Museum, Arkivportalen, Kulturminnesøk, basane frå universitetsmusea, Wikipedia, Store Norske Leksikon, Norsk Kunstnarleksikon, Lokalhistoriewiki med meir? I Digitalt museum finn me mange mangletre. I Wikipedia finn me artikkel om mangletre og korleis dei vart nytta. Det illustrerer utfordringa på ein enkel måte.
Brukargenerert innhald, den semantiske veven, Open Linked Data og sosiale media er stikkord for arbeidet til ABMutvikling framover. I 2010 vil og Digitalt museum utvikla opne løysingar (sokalla API) slik at andre kan utvikla tenester inn mot data i basane. Europeana går same vegen. Ingen av oss ynskjer oss tilbake til tida då katalogar og innhald låg utilgjengeleg i tallause basar, spreidde utover heile landet.
| Gunnar Urtegaard er avdelingsdirektør i ABM-utvikling, avdeling for digitalt abm. |
Les også kronikken "Nye nettsider modne for museum" av Linda Stewart.
Artikkelen er hentet fra papirutgaven av Museumsnytt (nr. 3/2010). Ta kontakt med redaksjonen dersom du ønsker å abonnere (kun 200 kr. per år).

